-
BUA bokser til Bygland
Med oppstart i mai skal BUA Bygland vere med i prøveprosjekt for BUA bokser. Dette er bokser fullt med idrettsutstyr til enkelt utlån som blir satt opp på ulike plasser i kommunen.
Me starter opp GÅTUR på dagtid, og Tysdagscafe.
Som meldt tidlegare startar me no opp att to aktivitetar. Det gjeld GÅTUR på dagtid, og Tysdagscafe. Begge er førstkomande Tysdag.Det er med glede å melde at me kan starte opp at med nokre av aktivitetane våre. I samråd med kommunelegen og flotte ivirge gode frivillige kan mes trate opp igjen desse to aktivitetane.
Først ut er gåtur på dagtid. Du kan møte opp på Frivilligsentralen klokka 11.00. Me gjeng uansett ver. Turen er tilrettelagt for alle, slik at det er ikje krav til kva for form du er i.
Det som er viktig er:
HALD AVSTAND
VASK HENDER
IKKJE MØT OPP DERSOM DU HAR LUFTVEGSSYMPTOM
Så vil meopne Tysdagscafeen att. Den strarter klokka 12, og varer til ca klokka 14. Me vil ikkje servere anna enn kaffi, grunna smittevernhensyn. Her har du moglegheit til å treffe kjente igjen, og hygge deg med litt sosialt. Noko som me ikkje har fått overdose av den siste tida.
Det er også viktig her:
HALD AVSTAND
VASK HENDER
IKKJE MØT OPP DERSOM DU HAR LUFTVEGSSYMPTOM
Me håper at mange møter opp! Velkomen!!!!!
Del på:
-
BUA Bygland med sommaraktivitetar for barn
BUA Bygland byr på sommaraktivitetar for barn og ungdom i vekene 26 - 28. Dei vert på Prestneset på Bygland, og ved Vassend på Byglandsfjord Veke 26: Onsdag til Fredag (Bygland) Veke 27 og 28: Mandag til Fredag (Bygland, Byglandsfjord) OBS: det vert ikkje aktivitet på Byglandsfjord i veke 26, då det er idrettskule med otra il den veka. Påmelding kjem.
-
Bygland Frivilligsentral får 300 000 kroner til «Noko gøy i sommar!»
Bygland Frivilligsentral har fått 300 000 kroner frå Gjensidigestiftelsen til sommaraktivitetar og sommarjobb for ungdom i BUA Bygland.
-
Opning av BUA boks Åraksbø
Opningsfest i høve BUA bokser-Åraksbø 8 Mai, kl 16.30!
-
Språkcafe