-
Takk til Landeskogens venner!
Då Landeskogens venner valde å avvikle si virksomheit, hadde dei ståande noko midlar att. Dei spurde om Frivilligsentralen ville ha dei, og me takka sjølvsagt ja. Me ynskjer no å rette ein stor takk til dei for den generøse gåva! Pengane vil bli nytta til tiltak for innbyggarar i Bygland kommune. Først ut er tur til Troll aktiv i haustferien.
Frivilligsentralen rekrutterer frivillige til utkøyring av hushaldningsartikler og telefonven
Bli med på dugnaden! Du kan nå melde inn behov for hjelp, eller tilby di hjelp her på heimesida. Er det nokon du kjenner, som ikkje er på internett. Då kan du melde inn behov på vegne av dei. Berre legg inn namn og nummer til den det gjeld.Obs: Vedkommande som treng hjelp må samtykke til at me lagrer opplysningane om dei. Samtykke kan du som legg inn, få per telefon og så krysse av i rett boks.
Del på:
-
Måndagskafe med besøk av Sigurd Haugsgjerd som fortel om morosame opplevingar frå levd liv.
-
Måndagskafe med besøk av Torgeir Moseid
-
Måndagscafe med besøk av Geir Dåsvatn
-
Teppebowls 10 år
No feirar Teppebowlsen ti år. Saman med Bygland Pensjonistforening vil me markere det med ein eige kveld!