- 
                            BUA bilen er her!! BUA Bygland, Bygland Frivilligsentral og Bygland kommune kan med stor glede melde at me no har fått inn ein nisetar! Denne bilen kan køyrast på vanleg sertifikat, og har plass til 8 passasjerar i tillegg til sjåfør. Den har seter som kan slås saman, slik at ein får plass til bagasje ved behov. Bilen skal hovudsakleg verte lånt ut til lag og foreningar som har behov for bil. Bilen vil også kunne bli brukt av BUA, trivselskoordinator, ungdomsklubben osv. Lag og foreningar låner bilen gratis 
Spelekveld: 30.01 frå Kl 18-21!
Har du lyst å spele noko? Det kan vere brettspel du har med deg, brettspel me har her eller kortspel som bridge og liknande? Då kan du som born, ungdom eller vaksen kome denne dagen for å gjere dette saman! Ikkje berre det! Me serverer rykande nysteikt pizza og drikke HEILT GRATIS. Første spelekveld vil vere på frivilligsentralen Torsdag 30 Januar frå klokka 18-21!Me vil ha vaksne frivillige som møter deg når du kjem.
Kva for spel ein skal spele, kan me verte einige om ved oppstart.
Har du eit spel heime du liker godt kan du ta det med. Me har backgammon, sjakk, Newton, Ludo, 1 kortstokk og litt anna på sentralen. Elsker du kortspel, ta med deg kortstokk.
Minner om at dette er både for vaksne og yngre. Me kan dele oss opp rundt på Frivilligsentralen, noko som gjer det mogleg å spele fleire spel på ei gong.
Har du lyst å lære nokre andre eit spel som du kan, så legg me til rette for det.
Me legg opp til spelekveld ca kvar andre-tredje veke. Men ein må tilpasse litt mot helligdager og feriar. Her er dei kommande datoane for året 2020:
ONSDAG 26 Februar
TORSDAG 12 Mars
TORSDAG 26 Mars
TORSDAG 23 April
ONSDAG 13 Mai
TORSDAG 28 Mai
TORSDAG 11 Juni
TORSDAG 10 September
ONSDAG 23 September
TORSDAG 08 Oktober
TORSDAG 29 Oktober
TORSDAG 12 November
TORSDAG 03 Desember
Me vil leggje ut på kalenderen på heimesida, og på facebook.
Frivilligsentralen håper på godt oppmøte!
Del på:
- 
                            Byglandsfjord grendelag arrangerer familiedag og marknad på Byglandsfjord stasjon. 
- 
                            Måndagscafe 
- 
                            Oddgeir Bruaset- Føredrag "Vegen som vart min" 
- 
                            Sopptur med Guide! 
 
                        
                    
                    