-
BUA bilen er her!!
BUA Bygland, Bygland Frivilligsentral og Bygland kommune kan med stor glede melde at me no har fått inn ein nisetar! Denne bilen kan køyrast på vanleg sertifikat, og har plass til 8 passasjerar i tillegg til sjåfør. Den har seter som kan slås saman, slik at ein får plass til bagasje ved behov. Bilen skal hovudsakleg verte lånt ut til lag og foreningar som har behov for bil. Bilen vil også kunne bli brukt av BUA, trivselskoordinator, ungdomsklubben osv. Lag og foreningar låner bilen gratis
Dialogmøte med lag og foreninger
No er det på tide med eit oppfølgingsmøte i fra dialogmøta me hadde på våren 2019. Me følger opp innspela som kom på førre møter, og er opne for at nye deltagarar også kan kome med innspel.Hei.
I vår arrangerte Frivilligsentralen to dialogmøter. Eit på Bygland og eit på Byglandsfjord. Me gjennomførte cafe dialog, det vil seie at me delte opp i grupper der kvar gruppe skulle formulere kva dei syns var viktig for laget og for Bygland. Dei skulle også skrive ned kva dei kunne tenkje seg å skape saman med andre, kanskje spesielt retta mot born og unge.
Me fekk masse innspel. Eit av innspela var å halde ei spørreundersøking blant barn og unge, der me spurde dei kva dei meiner som manglar av tilbod i Bygland kommune. Dette er no gjennomført, og det kom inn ca 40 svar totalt.
Etter at svara var komen inn skulle Frivilligsentralen kalle inn til eit nytt møte. I dette møtet kan ein sjå på resultatane av undersøkinga, og på kva me saman kan greie å setje ut i livet.
Elles kan ein også møte om ein vil kome Frivilligsentralen, eller kommunen i tale i høve eit prosjekt eller anna behov.
Frivilligsentralen kallar då inn til eit nytt møte den 30 Oktober klokka 18.00 på Frivilligsentralen på Bygland.
Håpar på eit like stort engasjement som me har opplevd tidlegare!
Del på:
-
Byglandsfjord grendelag arrangerer familiedag og marknad på Byglandsfjord stasjon.
-
Måndagscafe
-
Oddgeir Bruaset- Føredrag "Vegen som vart min"
-
Sopptur med Guide!