-
BUA bokser til Bygland
Med oppstart i mai skal BUA Bygland vere med i prøveprosjekt for BUA bokser. Dette er bokser fullt med idrettsutstyr til enkelt utlån som blir satt opp på ulike plasser i kommunen.
Oppfriskning i trafikkreglar
Bygland Frivilligsentral og Statens vegvesen arrangera trafikk kurs for dei over 65 år.
Kring 35 personar møtte opp då Frivilligsentralen skipar til oppfriskningskurs i trafikkreglene for sjåførar på 65 år og eldre.
Per Berge, som har arrangera på vegne av frivilligsentralen har gjort ein fantastisk jobb med å planlegge dette kurset. Han henta inn Bjørn Olstad som er pensjonist men med ei bakgrunn frå vegvesenet, som lærar. Han gjekk gjennom trafikk reglane, korleis ein skal stille seg dersom det oppstand skade med meir. Trafikkreglene endrer seg noko gjennom åra, og mykje kan ein ha gløymt. Då er det godt med ei oppfriskning.
Kurset vart arrangert over to dagar, og det vart servert mat og kaffi midt i øktane.
Frivilligsentralen ser at dette er eit behov blant eldre, og ein skal ikkje sjå vekk frå at me kan forsøke å skipe til eit liknande arrangement ved ei seinare anledning.
Del på:
-
BUA Bygland med sommaraktivitetar for barn
BUA Bygland byr på sommaraktivitetar for barn og ungdom i vekene 26 - 28. Dei vert på Prestneset på Bygland, og ved Vassend på Byglandsfjord Veke 26: Onsdag til Fredag (Bygland) Veke 27 og 28: Mandag til Fredag (Bygland, Byglandsfjord) OBS: det vert ikkje aktivitet på Byglandsfjord i veke 26, då det er idrettskule med otra il den veka. Påmelding kjem.
-
Bygland Frivilligsentral får 300 000 kroner til «Noko gøy i sommar!»
Bygland Frivilligsentral har fått 300 000 kroner frå Gjensidigestiftelsen til sommaraktivitetar og sommarjobb for ungdom i BUA Bygland.
-
Opning av BUA boks Åraksbø
Opningsfest i høve BUA bokser-Åraksbø 8 Mai, kl 16.30!
-
Språkcafe