-
Foredrag med Svein Kleivane- tømmerhogsten i Tyskland på 70-tallet.
Gåtur på dagtid
Vil du vere med oss ut å gå? Møt opp på pakkhuset klokka 11.00 kvar mandag.Nytt for hausten 2019 er GÅTUR PÅ DAGTID.
Me startar først opp på Byglandsfjord førstkomande mandag.
Kvar mandag klokka 11, vil det vere gåtur med turleiar. Oppmøtestad er Pakkhuset (dagsenteret) på Byglandsfjord. Gåturen vil vere tilpassa dei som kjem, og passar til alle. Målet er å bevege seg i frisk luft, og møte andre menneskje.
Turane gjeng i utgangspunktet uansett ver. Når ein kjem attende kan ein få seg lunsj på pakkhuset, dersom ein ønskjer det.
Etterkvart vil ein ta sikte på å starte opp på Bygland også dersom det er interesse nok.
Del på:
-
Språkcafe
-
Sommerjobb i BUA for ungdom!!! Løp og søk!
Sjekk dette!! Er du frå 16-22 og kunne tenkje deg ein aktiv, og morosam sommarjobb? Tidenes beste sommerjobb vert no lyst ut!! Skynd deg og søke! Søknadsfrist 23.03.2025 Les meir under :
-
Velkomen til innspelsmøte i dag kl.18.00 i kommunestyresalen på kommunehuset i Bygland.
Bygland kommune arrangerer i dag innspelsmøte til ny frivilligpolitikk, med Bygland Frivilligsentral som møteansvarleg. Alle lag og foreninger i Bygland kommune er velkomne!! Bygland kommune skal utvikle ein frivilligpolitikk, som skildrer kva frivillig liv me har, kva me kan samarbeide om og kva kommunen kan tilby.
-
Julegåvetrea er snart på plass!
Jolegåvetreet: Jolegeåvetrea kjem opp denne veka. På trea heng det lappar med ynskje som du kan oppfylle. Sjå under for korleis du kan gje ei ei gåve eller ønskje deg ei gåve.