-
BUA bokser til Bygland
Med oppstart i mai skal BUA Bygland vere med i prøveprosjekt for BUA bokser. Dette er bokser fullt med idrettsutstyr til enkelt utlån som blir satt opp på ulike plasser i kommunen.
Dialogmøte Lag og foreninger
Til alle lag og foreninger i Bygland kommune Bygland Frivilligsentral inviterer representantar frå alle frivillige lag og foreninger i kommunen til eit dialogmøte den 2 April kl.18.00 på Frivilligsentralen.Temaet er: Korleis kan frivilligsentralen, saman med lag og foreninger, etablere eit samarbeid som bidreg til å oprretthalde eller auke og bedre frivillighet i kommunen?
Me spør:
Kva kan eg gjere for deg?
Kva kan du gjere for meg?
Kva kan me gjere saman?
Møtet vil ta sikte på å bli arrangert som eit kafedialogmøte. Kafedialogmøte er ein metode der ein innhenter og sorterer innspel frå store eller mindre grupper kort tid, og på ein morosam måte.
Ber om påmelding til møtet, slik at Frivilligsentralen kan forberede seg på best mogleg måte. Sms på tlf: 945 10 770, eller på PM på https://www.facebook.com/Bygland-frivilligsentral-509737175703395/?ref=bookmarks
Med beste helsing
Bygland Frivilligsentral
Foto: pixabay.com
Del på:
-
BUA Bygland med sommaraktivitetar for barn
BUA Bygland byr på sommaraktivitetar for barn og ungdom i vekene 26 - 28. Dei vert på Prestneset på Bygland, og ved Vassend på Byglandsfjord Veke 26: Onsdag til Fredag (Bygland) Veke 27 og 28: Mandag til Fredag (Bygland, Byglandsfjord) OBS: det vert ikkje aktivitet på Byglandsfjord i veke 26, då det er idrettskule med otra il den veka. Påmelding kjem.
-
Bygland Frivilligsentral får 300 000 kroner til «Noko gøy i sommar!»
Bygland Frivilligsentral har fått 300 000 kroner frå Gjensidigestiftelsen til sommaraktivitetar og sommarjobb for ungdom i BUA Bygland.
-
Opning av BUA boks Åraksbø
Opningsfest i høve BUA bokser-Åraksbø 8 Mai, kl 16.30!
-
Språkcafe