-
Takk til Landeskogens venner!
Då Landeskogens venner valde å avvikle si virksomheit, hadde dei ståande noko midlar att. Dei spurde om Frivilligsentralen ville ha dei, og me takka sjølvsagt ja. Me ynskjer no å rette ein stor takk til dei for den generøse gåva! Pengane vil bli nytta til tiltak for innbyggarar i Bygland kommune. Først ut er tur til Troll aktiv i haustferien.
Strøsand
Treng du strøsand? Frivilligsentralen har ei ordning for dette.Strøsand til privat bruk for eldre og uføre ❄️
Dersom noen treng hjelp til å få sand heim, kan dei ta kontakt med Heimesjukepleien eller Frivilligsentralen.
Heimesjukepleien har ståande klar sand dei kan ta med ut. Ellers kan ein forsøke å ordne levering, via ein av våre frivillige.
For Frivilligsentralen ved dagleg leiar på tlf: 945 10 770.
Dersom du kan hente sand sjølv:
Strøsand kan hentast ved kommunen sine driftslokale på Nesmoen under halvtaket der gul hjullaster står parkert. Opningstida er frå kl 08:00 til 15:00 på kvardagane. Der skal stå spade til å fylle medtatte bøtter e l.
Ved eventuelle spørsmål tak kontakt med driftsleiar på tlf 945 32 945 eller tlf 918 63 403.
Del på:
-
Måndagskafe med besøk av Sigurd Haugsgjerd som fortel om morosame opplevingar frå levd liv.
-
Måndagskafe med besøk av Torgeir Moseid
-
Måndagscafe med besøk av Geir Dåsvatn
-
Teppebowls 10 år
No feirar Teppebowlsen ti år. Saman med Bygland Pensjonistforening vil me markere det med ein eige kveld!