70 000 kroner til Sti og løypeprosjekt!!!

Frivilligsentralen har gått saman med fagleiar i plan og utvikling Sonja Lien Skjevrak, i høve å forsøke å gjere naturen vår meir tilgjengeleg for fleire. Det var lurt, for belønninga fekk me i frå Fylkeskommunen: 70 000 kroner!!!
På dilalogmøtane som kommunen har hatt hausten 2019, har det kome fram at naturen og våre stier og løyper er viktige for dei som bur her. Dette har inspirert oss til å forsøke å utvide tilbodet. 
For å kome i gang... ja då måtte me ha litt midler tenkte me. 
Og midler fekk me! Intet mindre enn 70 000 kroner  av Agder Fylkeskommune til dette føremålet!!! Eg vil rette ein takk til Sonja Lien Skjevrak, som har vore strålande å samarbeide med. 
Me vil søke å rydde allereie eksisterande løyper og stiar, og å legge opp til endå fleire løyper i heile kommunen (i samråd med grunneigarar sjølvsagt). 
Det kjem vel ikkje som eit sjokk, at me vil ha med frivillige på dette? 🤩😁 
Me ønskjer oss ein gjeng som kan tenkje seg å nytte noko av si tid på å vere med å merke stiar, halde opne dei eksisterande, eller vise vei på nye stiar. Utstyr stend sjølvsagt me for. Kva får eg att for dette tenkjer du kanskje? 
Blir du med på dette vil du sjølv få betre helse i den fysisk aktiviteten som krevs, du får sosial omgang og samhald med andre i gruppa, og......du vil vere med på å bidra til at mange andre opplev naturen og får betre helse. og du vil kunne skryte av at du har vore ein nøkkelperson for å få dette til! Kva kan ein IKKJE like med dette????

Me er enno i startgropa, men er dette noko du kan tenkje deg å vere med på , så nøl ikkje med å ta kontakt med dagleg leiar i Frivilligsentralen på epost, sms, ringe, messenger eller kva det måtte vere!

Dei 70 000 kronane skal iallefall få bein å gå på, til beste for kommunen sine innbyggarar!

2020 © Bygland Frivilligsentral