Tirsdag 21 September 2021
Kl. 12:00 - 13:30
Valfag Innsats for andre-Samarbeid med Bygland Oppvekstsenter
Fivilligsentralen samarbeider med Bygland Oppvekstsenter om valfaget "Innsats for andre". Elevane i valfaget ønsker å gjere ein innsats for andre. Dette skjer kvar Tysdag frå 12-13.30. For å få dette til, er me avhengige av at me får inn oppdrag. Oppdrag kan meldes inn på sms til 945 10 700. Der skriv du adresse og kva oppdraget er. Dato for oppstart vert den 21.09.21.

Kvar Tysdag kjem elevar til Frivilligsentralen for å gjere ulike arbeidsoppgåver. Oppgåvane kan vere i bustadane til heimebuande eldre. Det kan til dømes dreie seg om plenklipp, vindusvask, bilvask, hausting av eple/plomme, hekketrimming, kantklipping, snømåking, rydding eller andre praktiske ting. Målet er at me skal bidra til at eldre får gratis praktisk hjelp heime, samstundes som ungdomane får oppleve gleda med å gjere ein innsats for andre.

2024 © Bygland Frivilligsentral