Torsdag 29 Oktober 2020
Kl. 18:00 - 21:00, Bygland Frivilligsentral
Spelekveld
Har du lyst å spele noko? Det kan vere brettspel du har med deg, brettspel me har her eller kortspel som bridge og liknande? Då kan du som born, ungdom eller vaksen kome denne dagen for å gjere dette saman! Ikkje berre det! Me serverer rykande nysteikt pizza og drikke HEILT GRATIS.

Me vil ha vaksne frivillige som møter deg når du kjem.

Kva for spel ein skal spele, kan me verte einige om ved oppstart. 

Har du eit spel heime du liker godt kan du ta det med. Me har backgammon, sjakk, Newton, Ludo, 1 kortstokk og litt anna på sentralen. Elsker du kortspel, ta med deg kortstokk. 

Minner om at dette er både for vaksne og yngre. Me kan dele oss opp rundt på Frivilligsentralen, noko som gjer det mogleg å spele fleire spel på ei gong.

Har du lyst å lære nokre andre eit spel som du kan, så legg me til rette for det.

2024 © Bygland Frivilligsentral