Onsdag 20 November 2019
Kl. 14:00 - 18:00, Bygland Frivilligsentral
Open dag-Bytedag
Har du utstyr som du ikkje bruker lenger? Har borna dine vakse ut av skoane du kjøpte i fjor? Då kan du ta med deg dette og kome på Frivilligsentralen! Gjeld all slags utstyr til alle årstider!

Open dag på Utstyrssentralen/Frivilligsentralen på Bygland.


Ta med deg fritidsutstyr du ikkje lenger har bruk for. Det kan du selje for ein billig penge, eller bytte mot noko anna. Kanskje nokon andre har bruk for akkurat det utstyret du vil kvitte deg med.
Det er og mogleg å levere inn pent brukt utstyr/vintertøy vi kan låne ut på Utstyrssentralen.
No håpar vi at du vil vere med på dette. Du er hjarteleg velkomen om du berre vil ta ein titt på kva Utstyrssentralen kan låne ut.

Helsing Anne og Merete

2024 © Bygland Frivilligsentral