Lørdag 12 September
kl. 18:30 - 22:30 Laurdagsklubb
Laurdagsklubb 13-18 år!

I vekane har ungdom mykje å gjere på, men det vert kanskje noko stille i helgane? Ungdom manglar ein stad og samlast.

Det vil me gjere noko med. Me ser føre oss ein "ambulerande" Laurdagsklubb. Ei gong i månaden vil det vere laurdagsklubb først på Byglandsfjord, så på Bygland og så Ose. 

Me vil skape ein rusfri møteplass for ungdom i helgane. Ein plass å "henge". Me skal ikkje konkurrere med kommunal ungdomsklubb, og skal hovudsakleg fange opp ei ungdomsgruppe heilt opp mot 18 år. Kva som vert aktiviteten innanfor laurdagsklubben vil me utarbeide smaan med dei frivillige og ungdom. Dersom me får innvilga tilskot til dette, vil me kunne servere noko mat og eksempelvis kjøpe inn noko utstyr i form av spel, høgtalarar til å spele musikk med eller liknande.

Det vil altså vere opent for Vgs elever også. 

2020 © Bygland Frivilligsentral