Onsdag 9 Februar 2022
Kl. 15:00 - 16:30, Bygland Frivilligsentral
Kunstverkstad (Avlyst)
Eit unikt tilbod til born og unge i frå 4-8 klasse! Er du glad i å male, teikne eller lage ting? Kvar Onsdag kan du gjere akkurat det på Frivilligsentralen.

Me ønsker at dette skal vere eit tilbod til dei som er glad i å skape noko, og nytte si kreative side. 

Me har ein flott frivillig med kunstbakgrunn som vil vere til stades kvar gong, og hjelpe deg med rettleiing og idear.

Frivilligsentralen står for alt utstyr, når det gjeld måling, papir, papirkniv, limpistol mm. Det einaste du treng å ta med deg er noko tøy som det ikkje er så nøye med. (Me nytter maling som ikkje kan vaskast av). Det er altså heilt gratis å delta.

Du som deltakar kan sjølv bestemme kva du vil skape når du er her! La fantasien løpe løpsk!

For at Frivilligsentralen skal ha god oversikt, og kontaktopplysningar til foreldre, må melde på barnet ditt først gonga.

Påmelding finn du her: 





Påmelding er stengt
2024 © Bygland Frivilligsentral