Torsdag 20 September 2018
Kl. 09:00 - 10:30, Bygland Frivilligsentral
Datacafe (Avlyst)
Treng du hjelp med mobil, PC eller Nettbrett?

Tykkjer du det er vanskelig å vite korleis ein skal betale ei rekning på internett? Er det vanskeleg å skjøne kva ein app er, og kva den kan nyttast til. Korleis laste ned ein app?
Då må du kome på Datacafe på Bygland Frivilligsentral!
Me har nettbrett til utlån.

 Me har hatt datacafe før, MEN no vert tidspunkt endra! Dette er fordi me skal få hjelp av dyktige elevar frå Bygland Oppvekstsenter.

Du kan framleis ta med deg mobil, nettbrett og PC. Du kan får hjelp til akkurat det du treng. Av og til vil vi også ha oppe tema som Vipps, Nettbank, Bank ID, Sikkerheit på nett osv.
Me vil ha klar kaffi og av og til noko attåt.

2024 © Bygland Frivilligsentral