Tirsdag 23 Februar 2021
Kl. 08:30 - 15:30, Brokke alpinsenter
Brokke tur for ungdom 6-10 Klasse
Vil du vere med oss på tur til Alpinsenteret på Brokke? Meld deg på under då vel!

Me booker buss som starter på Byglandsfjord og returnerer til Byglandsfjord. Me legg til rette for å plukke opp ungdom langs vegen til Brokke.

For dei som ikkje har årskort, dekker me dagskort.

For dei som ikkje har utstyr, låner me ut frå utstyrssentralen så langt lageret held.

For dei som vert sultne, serverer me hamburger frå bålpanne ved nistebua på Brokke.

Det er også mogleg å gå på langrenn denne dagen. Langrennsutstyr kan også lånes frå utstyrssentralen.

Me er to vaksne med, men kunne gjerne hatt fleire. Om du kunne tenke deg å bidra til glede for ein gjeng med frisk ungdom så set me veldig pris på det! 

Sjølv om det er vaksne med, kan me ikkje ta ansvar for at det ikkje kan skje ulykker i løypa. Difor må ein som føresett godkjenne at ein er klar over dette, og samtykke til at ein er klar over det dersom ein sender sin ungdom med på turen. 

Påmelding er stengt
2024 © Bygland Frivilligsentral