Mandag 20 Februar 2023
Kl. 09:00 - 17:30, Brokke alpinsenter
Brokke tur for ungdom 6-10 Klasse
Har du lyst til å vere med på ein dag i Brokke alpinsenter saman med venane dine og Frivilligsentralen/BUA?

Vil du vere med oss på tur til Alpinsenteret på Brokke? Meld deg på under då vel! 

Alt er gratis!! Buss, mat, dagskort og utstyr via BUA.

Me booker buss som starter på Byglandsfjord og returnerer til Byglandsfjord. Me legg til rette for å plukke opp ungdom langs vegen til Brokke.

For dei som ikkje har årskort, dekker me dagskort.

For dei som ikkje har utstyr, låner me ut frå BUA så langt lageret held. HUGS Å GÅ INN Å RESERVERE det du treng på førehand (minimum 3 dagar før avreise). Det gjer du her: https://www.bua.no/utlansordninger/bua-bygland . Får du det ikkje til kan du kontakte vakttelefonen vår på 945 02 858. Den er open frå 15.30-20.00 på kvardagar.

For dei som vert sultne, serverer me hamburger frå bålpanne ved nistebua på Brokke.

Det er også mogleg å gå på langrenn denne dagen. Langrennsutstyr kan også lånes frå BUA. RESERVERhttps://www.bua.no/utlansordninger/bua-bygland

Me er nokre vaksne med, men me treng fleire for å gjennomføre dette. Om du kunne tenke deg å bidra til glede for ein gjeng med ungdom så set me veldig pris på det! Det kan du krysse av for i påmeldingsskjema.

OBS: Me tek forbehold om nok vaksne til å gjennomføre turen. Dersom me ikkje får nok frivillige, må ein kanskje sette grense på antal deltagarar.

Sjølv om det er vaksne med, kan me ikkje ta ansvar for at det ikkje kan skje ulykker i løypa. Difor må ein som føresett godkjenne at ein er klar over dette, og samtykke til at ein er klar over det dersom ein sender sin ungdom med på turen. 


Påmelding er stengt
2024 © Bygland Frivilligsentral