Torsdag 20 September 2018
Kl. 13:00 - 15:30, Byglandshallen
Aktivitetscafe med styrketrening
Har du lyst å bevege meir på deg, men slit med motivasjonen? Eller kjenner du at balansen og styrken ikkje er som den var? Ikkje fortvil, kvar torsdag kan du møte opp i Byglandshallen og få styrketrening saman med andre. Vi har til og med cafe i etterkant. Dette skjer kvar torsdag frå 13-15.30

Me tilbyr differensiert trening, som tilpassast deg uansett korleis form du er i. Me trener med vekt av kroppen, eller ved bruk av vekter ellers trikk. Me har fokus på økt balanse, styrke og mobilitet. Me tilrettelegg for deg dersom du slit med vonde knær, dårleg balanse eller vond rygg.

Etterpå nyt me ein kopp god kaffi og frukt og bær.

Kom å prøv, det er gøy og sosialt! 


2024 © Bygland Frivilligsentral