Frivilligheita er ein viktig del av lokalsamfunnet vårt. No startar vi arbeidet med å utvikle ein lokal frivilligpolitikk – og vi vil ha med deg! Møtet er ope for alle frivillige, lag og organisasjonar, eldsjeler og innbyggjarar som bryr seg om frivillig arbeid.
Program:
- Ordførar ønskjer velkomen
- Agder Fylkeskommune ved Jonas Øhlckerks talar om frivilligpolitikk-kva og kvifor?
- Innspelsrunde: kva treng frivilligheta?
- Vegen vidare- korleis kan du bidra?
Me serverar gratis kake og kaffi.
Dette er frivilligheta sin politikk-bli med å påverke!
Spørsmål: Kontakt leiar av Bygland Frivilligsentral, Anne Fauske på 945 10 770.
