Gjennom 43 år i NRK har Oddgeir Bruaset samla det norske folk rundt radioen og TV-skjermen. Han har laga hundrevis av TV- og radioprogram, og er kanskje mest kjend for å ha laga Der ingen skulle tru at nokon kunne bu – som har blitt ein av dei mest populære TV-seriane i Noreg gjennom tidene.
Men kven er mannen som gjennom alle desse åra har stått bak kameraet? Kva skjer i kulissane under opptaka? Gjennom historia til Bruaset får vi innblikk i kva som har rørt seg i norsk mediehistorie frå 1971 til 2014. Om TV-produksjon i 80-åra, om ressursar i distrikta samanlikna med Marienlyst og om å lage TV-program om alt frå natur, tragediar, kongefamilien og Erik Bye.
I denne boka fortel Bruaset også om seg sjølv og oppveksten i Romsdal, om den underlege vegen til NRK, om å måtte velje mellom kateteret og mikrofonen, om hardt arbeid, helikopterulukker og om å komme nær folk når ein har eit kamerateam på slep.
Torsdag
13
November
Føredrag med Oddgeir Bruaset.
Eit samarbeid mellom Frivilligsentralen og Kultur i Bygland kommune.
I dette føredraget fortel Bruaset også om seg sjølv og oppveksten i Romsdal, om den underlege vegen til NRK, om å måtte velje mellom kateteret og mikrofonen, om hardt arbeid, helikopterulukker og om å komme nær folk når ein har eit kamerateam på slep.
Kl. 18:00 - 19:00, Bygland Kulturscene
Oddgeir Bruaset- Føredrag "Vegen som vart min"
Flere kalenderoppføringer
Lørdag 13. september 2025 kl. 10:00 - 12:00
Lørdag 13. september 2025 kl. 16:00 - 18:00
Mandag 15. september 2025 kl. 09:00 - 14:00
Mandag 15. september 2025 kl. 15:00 - 17:45
Mandag 15. september 2025 kl. 15:00 - 16:30