Dette er eit lavterskel tiltak, som skal vere ein varm og inkluderande møteplass i dei mørke vintermånadane. Ein kveld der me samlas rundt bålet utan kostnad.
Me lager mat på bål, og alle skal få smake. Kaffi og kakao vert servert. Me har refleksløype med quiz. Det vert premiering for deltaking. Me håpar på å inspirere fleire til å deltake i friluftslivet, og til å kome seg ut i naturen.
Dersom det er skøyteis, kjem BUA med skøyter. Er det snø har me med anna snøaktivitet slik som akebrett.
Denne kvelden er for alle: familiar med barn, einslege, og vaksne utan barn. Fokuset er hyggeleg samver, og å lage ein sosial kveld. Du må ikkje melde deg på, men det er ein fodel så me lettare kan berekne nok mat og drikke.
ALT er GRATIS.
Me håpar på godt oppmøte, og kan garantere god stemning!
Me vil forsøke å jobbe for å ha eit arrangement kvar månad gjennom året. Det vil me forsøke å gjere i samarbeid med lag og foreninger. Plan for dette kjem tidleg i 2025.