Bygland kommune inviterer til ein spanande felles refleksjonsdugnad (DAG) om korleis Bygland kommune kan bli endå betre på å inkludere barn og unge i fritidsaktiviteter! Allemed stiller med ein erfaren prosessleiar for gjennomføring av allemed-dugnaden.
ALLEMED er eit dialogverktøy som tematiserer barns rett til fritid og barrierar for deltaking, med særleg vekt på økonomi som barriere. Når deltakar kjem saman for å bruke verktøyet, kallar vi det ein dugnad. Målet med dugnaden er å skape ein felles bevisstheit og komme fram til konkrete idear til kva som skal til for å få alle med i fritidsaktivitetar. Det skal diskuteres og reflekteres rundt problemstillinger, men ikke minst kommes fram til nokre løysninger og handlinger som skal gjerast!
Kven kan delta?
Me er mange i Bygland som er opptekne av fritida til barn og unge og den positive effekten deltaking har på dei og på lokalsamfunnet vårt. ALLE barn og unge bør kunna vera med og for å få til det må me samarbeide på tvers. Frivilligheita og sivilsamfunnet, næringslivet, politikarar og kommunen er invitert til dugnaden:
- Alle frivillige lag og organisasjonar i Bygland kommune
- Alle engasjerte Bygland-folk som vil bidra
- Næringslivet
- Alle relevante tenesteområde i kommunen som jobbar med barn og unge
- Representantar frå den politiske og administrative leiinga til kommunen
Verktøyet er utvikla av NDFU (Nasjonal dugnad mot fattigdom og utenforskap blant barn og unge). Dei arbeider for at barn og unge får moglegheit til å ta del i fritidsaktivitet, uavhengig av familiens økonomi.
Vi håper at de vil vere med på ein dugnad der vi saman kan ha ein målretta diskusjon om barns rett til fritid og barrierar for deltaking i organisert fritidsaktivitet.
Alle me har kontaktinfo på, har fått personleg invitasjon på epost.
Men det er mange me ikkje har kontaktsinfo på, og me vil gjerne ha deg med. Så kom uansett om du har fått epost eller ikkje.
Dette er viktig :-)
ALLEMED er eit gratis arbeidsmodell som skal gjere det lettare å inkludere alle barn og unge i fritidsaktivitet, uavhengig av familiens økonomi. Verktøyet brukes til å skape diskusjon og finne gode løysninger på hva me kan gjere for å få alle med. Bli med og gjer ein forskjell!
«Det er ofte sånn at de som har råd til det drar på aktiviteter, mens de andre må være igjen og de blir utenfor.» Jente 14 år, Oslo.