Tirsdag 25 Oktober 2022
Kl. 12:00 - 13:00, Bygland Frivilligsentral
Språkkafe
Det er sett i gong språkcafe på Frivilligsentralen. Dette skal vere ein møtestad der frivillige møter menneske som treng å øve på å snakke norsk. Du treff trivelege menneske, og me har opplegg klart slik at praten skal flyte lett. Dette kan vere høgdepunktet i veka!

Språkcafeen vert annankvar Tysdag fram til jul i oddetalsveker. Etter jul 2022, kan dagen verte endra. 

Me vil gjerne ha med fleire frivillige, og du treng ikkje møte kvar gong. Stikk innom når du har tid 🙂

Å delta på språkcafe er givande for alle deltagarar, du treff trivelege menneske og du får utdelt spel eller andre oppgåver til grunnlag for samtala. Me serverer kaffi/te og noko å bite i. 

Kva ventar du på? Set av datoen alt nå og kom ! 🙂

2024 © Bygland Frivilligsentral