-
Hald av datoane!
Det vårast på sentralen og vi ber dykk halde av to viktige datoar!
Elsyklar til BUA
Ein stor dag nærmar seg for BUA Bygland og Frivilligsentralen. BUA Bygland og Frivilligsentralen er med i ei regional satsing knytt til elsyklar. På BUA Bygland vil me ha 5 elsyklar ståande som kven som helst kan låne.Syklane vil vere sjølvbetente, og har ei god rekkevidde. Det vil også vere plassert syklar andre stader i Setesdal, og tanken er at ein skal kunne sykle frå ein stad til ein annan. Ein ønskjer også at innbyggarar skal kunne låne sykkel og nytte denne i kvardagen sin, som transport eller rekreasjon.
Åpning:
Den 30.09 klokka 13.00 vil det vere offisiell opning med Setesdal interkommunale politiske råd, ordførarar frå alle samarbeidskommunar, Bygland Kommunestyre, frivillige, samarbeidskommunane sine representantar i prosjektet, og presse.
Alle som har lyst å kome er velkomne denne dagen!
For å lese meir, sjå link:
https://www.setesdal.no/elsyklane-er-paa-veg.6405356-480629…
Foto: Setesdal interkommunale politiske råd.
Del på:
-
Tur til Brokke for ungdom
Siste sundag i vinterferien reiste vi til Brokke med 20 ungdomar. I tillegg var 10 stk frå 4H med, så vi var ein stor og fin gjeng på tur.
-
Julegateopning
-
Feiring av frivillighetas år på Setesdal hotell!
-
Dialogmøte