Utstyrssentralen har lånt ut 378 artikler!

Kva anna kan vere betre enn at utstyret vi har vert bruka?
Det er alltid svært gledeleg å sjå noko ein har jobba for, bli teken i bruk.
I den siste tida har det vore kø får å låne kajakk/sup og kano frå Utstyrssentralen. Hengekøyane har også vore populære. Oppvekstsentra har bruka utstyret mykje, men også andre. Mykje latter, blide fjes og masse aktivitet, det er lønn for strevet!😃
Samstundes kan ein melde om at berre dei siste tå månadane har me lånt ut 121 artikler. Sidan oppstart i juni i fjor totalt 378 artikler!

Me har nettopp fått inn ovn og bunnduk til Lavvo. Då kan ein sitje tørt og varmt sjølv om det er vått ute. 

så er det slik at me har fantatstiske frivillige, som har sagt dei kan hjelpe oss å halde sentralen open i sommer. Sjølvsagt vil dei  ikkje alltid kunne stille opp, men eg veit at dei gjer så godt dei kan. Tenk på at dei bruker fritida si, for at du skal få låne. :-) Det er så flott det! 

Vakttelefonen er framleis: 945 02 858.

2024 © Bygland Frivilligsentral