Ungdomstur til Brokke Alpinsenter for 6-10 Klasse!

Gjeng du i 6-10 klasse, og kunne tenkje deg å finne på noko saman med andre i Vinterferien? Bli med oss til Brokke då vel! Alt er GRATIS!

Bygland Frivilligsentral vil invitere deg i 6-10 trinn på tur til Brokke Alpinsenter Tysdag i vinterferien (23.2).

På Brokke ordnar me gratis dagskort for dei som IKKJE har årskort.

Det er gratis buss frå Byglandsfjord til Brokke og heim igjen. 

Me serverer også gratis hamburgar på bålpanna ved Nistebui.

Har du ikkje utstyr? Det fikser me på Utstyrssentralen, så langt lageret vårt rekk.

Du kan også gå på langrenn om du vil det. Me har utstyr til det også 

Kva venter du på? Få din føresett til å melde deg på. Det gjer dykk her: Bygland frivilligsentral - Brokke tur for ungdom 6-10 Klasse, 23.02.2021 

Minimum antal: 10

  • Me dekker altså:

           Buss

           Dagskort (dersom du ikkje har årskort)

           Lunsj: Hamburgar


  • Me dekker ikkje:

          Drikke

          Varer frå kiosken

2024 © Bygland Frivilligsentral