Spelekveld til TORSDAG- GRATIS PIZZA!!!!

Det er duka for ein ny spelekveld, Torsdag 12.03 frå klokka 18.30!

Me arrangerer Spelekveld for tredje gong. 

Me har fått inn fleire nye spel, slik som Kinasjakk, Ryktet går, Ticket to ride med meir. Frå før har me Sjakk, Backgammon, Scrabble, kortstokk, UNO, Newton

Me har frivillige som tek hjarteleg i mot deg, og legg opp til det spelet DU vil spele. Dei serverer GRATIS PIZZA (har og glutenfri og vegetar), og saft, samt kaffi og te. Her skulle det vere noko for dei fleste.

Saman lagar me ein hyggeleg kveld med fokus på latter og moro.

2024 © Bygland Frivilligsentral