Spelekveld på Frivilligsentralen

Kunne du tenkje deg å kome saman med andre for å spele? Frivilligsentralen vil starte opp spelekveld, med hovedvekt på sjakk men også andre spel. Men, me ønksjer oss flere frivillige med på laget.

Me har til no arrrangert 3 dialogmøter i 2019. Ein av resultatane er at me vil skipe til spelekveld på Frivilligsentralen. 

Me har sjakk som utgangspunkt og vil då melde oss på "Sjakk og Samfunn" som er eit prosjekt som er i regi av Sjakkforbundet. https://www.sjakkogsamfunn.no/ 

Men, me vil også tilby andre typer spel. Me kan sjå for oss Brigde, eller brettspel.Tilbodet skal vere retta mot både barn og unge men også vaksne. Dette fordi feks sjakk kan spelast på tvers av generasjonar.

Men, me har lyst til å få med oss fleire frivillige. Di oppgåve som frivillig vil vere å låse opp døra, slå på lyset og eventuelt koke kaffi/te. Intet meire.

Me har også eit ønske om å arrangere på feks Byglandsfjord, og kunne kanskje tenkje oss engasjerte folk som bur der... :-)

Dersom du er interessert i sjakk, bridge eller brettspel og kunne tenkje deg å vere med så send ein sms til Anne Fauske: 945 10 770, eller på epost: post@bygland.frivilligsentral.no

2019 © Bygland Frivilligsentral