Spelekveld: 30.01 frå Kl 18-21!

Har du lyst å spele noko? Det kan vere brettspel du har med deg, brettspel me har her eller kortspel som bridge og liknande? Då kan du som born, ungdom eller vaksen kome denne dagen for å gjere dette saman! Ikkje berre det! Me serverer rykande nysteikt pizza og drikke HEILT GRATIS. Første spelekveld vil vere på frivilligsentralen Torsdag 30 Januar frå klokka 18-21!

Me vil ha vaksne frivillige som møter deg når du kjem.

Kva for spel ein skal spele, kan me verte einige om ved oppstart. 

Har du eit spel heime du liker godt kan du ta det med. Me har backgammon, sjakk, Newton, Ludo, 1 kortstokk og litt anna på sentralen. Elsker du kortspel, ta med deg kortstokk. 

Minner om at dette er både for vaksne og yngre. Me kan dele oss opp rundt på Frivilligsentralen, noko som gjer det mogleg å spele fleire spel på ei gong.

Har du lyst å lære nokre andre eit spel som du kan, så legg me til rette for det.

Me legg opp til spelekveld ca kvar andre-tredje veke. Men ein må tilpasse litt mot helligdager og feriar. Her er dei kommande datoane for året 2020:

ONSDAG 26 Februar

TORSDAG 12 Mars

TORSDAG 26 Mars

TORSDAG 23 April

ONSDAG 13 Mai

TORSDAG 28 Mai

TORSDAG 11 Juni

TORSDAG 10 September

ONSDAG 23 September

TORSDAG 08 Oktober

TORSDAG 29 Oktober

TORSDAG 12 November

TORSDAG 03 Desember


Me vil leggje ut på kalenderen på heimesida, og på facebook.

Frivilligsentralen håper på godt oppmøte! 

2024 © Bygland Frivilligsentral