Me starter opp GÅTUR på dagtid, og Tysdagscafe.

Som meldt tidlegare startar me no opp att to aktivitetar. Det gjeld GÅTUR på dagtid, og Tysdagscafe. Begge er førstkomande Tysdag.

Det er med glede å melde at me kan starte opp at med nokre av aktivitetane våre. I samråd med kommunelegen og flotte ivirge gode frivillige kan mes trate opp igjen desse to aktivitetane.

Først ut er gåtur på dagtid. Du kan møte opp på Frivilligsentralen klokka 11.00. Me gjeng uansett ver. Turen er tilrettelagt for alle, slik at det er ikje krav til kva for form du er i. 

Det som er viktig er:

HALD AVSTAND 

VASK HENDER

IKKJE MØT OPP DERSOM DU HAR LUFTVEGSSYMPTOM


Så vil meopne Tysdagscafeen att. Den strarter klokka 12, og varer til ca klokka 14. Me vil ikkje servere anna enn kaffi, grunna smittevernhensyn.  Her har du moglegheit til å treffe kjente igjen, og hygge deg med litt sosialt. Noko som me ikkje har fått overdose av den siste tida. 

Det er også viktig her:

HALD AVSTAND  

VASK HENDER

IKKJE MØT OPP DERSOM DU HAR LUFTVEGSSYMPTOM

Me håper at mange møter opp! Velkomen!!!!! 

2020 © Bygland Frivilligsentral