Laurdagsklubben startar opp att!

Etter ei laaaang ventetid, pga covid er me endeleg klare for å starte opp att LAURDAGSKLUBB!

I vekane har ungdom mykje å gjere på, men det vert kanskje noko stille i helgane? Ungdom manglar ein stad og samlast.

Det vil me gjere noko med. 

Me vil skape ein rusfri møteplass for ungdom i helgane. Ein plass å "henge".  Kva som vert aktiviteten innanfor laurdagsklubben vil me utarbeide smaan med dei frivillige og ungdom.  Men nokon hint er brettspel, volleyball, tarzantikken, innebandy, konsollspel.

Me vil servere noko mat og ha tilgjendeleg utstyr i form av spel, høgtalarar til å spele musikk, discolys med meir.

Me henvend oss i første omgang til ungdom i 5-10 klasse. 

2024 © Bygland Frivilligsentral