Gåtur på dagtid- første gong gjennomført

Nydeleg tur i haustsola i dag!

I dag vart det arrangert gårut på dagtid for første gong, med ny frivillig på plass til å leie turen. Det møtte opp tre stykk i dag, fem om du teller dei firbeinte med :-) 

Turen gjekk opp til Byglandsgardane frå Frivilligsentralen og nedatt ved KVS. Sola varma godt, og alle haustfargane gjorde dette til ei flott oppleving. Mykje godt kan kome ut av sosialt fellesskap og rørsle. Det er dette eit godt bevis på. Etter turen om alle inn og fekk ein kopp varm drikke. 

Takk til Widar Winther som har stilt seg til rådighet som frivillig kvar Tysdag framover! 

Så møt opp, klokka 11 på Frivilligsentralen neste Tysdag! Me har plass til fleire.


2024 © Bygland Frivilligsentral