Godt nytt år!

Takk for alt samarbeid i 2018! Er du klar for ny giv? Det er iallefall Frivilligsentralen. Klikk deg vidare for å sjå kva og når du kan delta på Frivilligsentralen sine aktivitetar!

Me startar opp att med Seniortreninga igjen allereie i morgon klokka 13.00 i Byglandshallen. 

Same kveld er det Strikkecafe klokka 18.00 på Frivilligsentralen.

Måndag 7 januar er det Sseniorsenter i Pakkhuset på Byglandsfjord att. Her er det plass til fleire! Møt opp klokka 11-14.00.

Same ettermiddag er det duka for Teppebowls igjen i Byglandshallen klokka 15.30. Her får du bevege deg, samt mykje latter og røe! Passar for alle!

Neste tysdag, den 8 januar klokka 18.00 er det Bingo på sentralen! Møt opp om du vil!

Årets fyrste Bygdemiddag er den 15 Januar. Meir info kjem!

Den 15 vert også fyrste Tysdagscafe. Meir info kjem om dette også!

Mykje å sjå fram til altså! Om du har noko på hjartet, ring 945 10 770, så skal me sjå kva me kan få til!

2024 © Bygland Frivilligsentral