-
Tur til Skjerkadammen og Eikerapen Hotell
Gåtur på dagtid-Bygland
Ny gågruppe på BYGLAND!!! Frivilligsentralen stiller med turguide kvar Tysdag med oppstart 01 Oktober.Rådet for eldre og funksjonshemma kom med ein førespurnad om Frivilligsentralen kunne få til tilbod om gåturer på dagtid.
Me har starta opp gåturer på Byglandsfjord. No er me klare til å starte opp på Bygland også!
Ønskjer du å bevege deg meir? Nokon å tale med? Få litt frisk luft?
Me har no tilbod om gåtur på dagtid på Bygland. Me møtast ved Frivilligsentralen, Tysdag klokka 11.00.
Gåturen vil vare frå ein halvtime til time, og du kan kome innom å få vafler og kaffi etterpå på frivilligsentralen om du vil.
Det vil alltid vere nokon som møter deg og leiar turen. Turleiaren er erfaren, og vil leggje opp til gåturer som alle kan klare. Turen har ingen aldersgrense oppad eller nedad.
Første gåturen vil vere den TYSDAG 01 OKTOBER klokka 11.00
Del på:
-
Hald av datoane!
Det vårast på sentralen og vi ber dykk halde av to viktige datoar!
-
Tur til Brokke for ungdom
Siste sundag i vinterferien reiste vi til Brokke med 20 ungdomar. I tillegg var 10 stk frå 4H med, så vi var ein stor og fin gjeng på tur.
-
Julegateopning
-
Feiring av frivillighetas år på Setesdal hotell!