Gåtur på dagtid

Vil du vere med oss ut å gå? Møt opp på pakkhuset klokka 11.00 kvar mandag.

Nytt for hausten 2019 er GÅTUR PÅ DAGTID.
Me startar først opp på Byglandsfjord førstkomande mandag.
Kvar mandag klokka 11, vil det vere gåtur med turleiar. Oppmøtestad er Pakkhuset (dagsenteret) på Byglandsfjord. Gåturen vil vere tilpassa dei som kjem, og passar til alle. Målet er å bevege seg i frisk luft, og møte andre menneskje.
Turane gjeng i utgangspunktet uansett ver. Når ein kjem attende kan ein få seg lunsj på pakkhuset, dersom ein ønskjer det.
Etterkvart vil ein ta sikte på å starte opp på Bygland også dersom det er interesse nok.

2024 © Bygland Frivilligsentral