Elsyklar til BUA

Ein stor dag nærmar seg for BUA Bygland og Frivilligsentralen. BUA Bygland og Frivilligsentralen er med i ei regional satsing knytt til elsyklar. På BUA Bygland vil me ha 5 elsyklar ståande som kven som helst kan låne.

Syklane vil vere sjølvbetente, og har ei god rekkevidde. Det vil også vere plassert syklar andre stader i Setesdal, og tanken er at ein skal kunne sykle frå ein stad til ein annan. Ein ønskjer også at innbyggarar skal kunne låne sykkel og nytte denne i kvardagen sin, som transport eller rekreasjon.

Åpning:

Den 30.09 klokka 13.00 vil det vere offisiell opning med Setesdal interkommunale politiske råd, ordførarar frå alle samarbeidskommunar, Bygland Kommunestyre, frivillige, samarbeidskommunane sine representantar i prosjektet, og presse.

Alle som har lyst å kome er velkomne denne dagen! 

For å lese meir, sjå link:

https://www.setesdal.no/elsyklane-er-paa-veg.6405356-480629…

Foto: Setesdal interkommunale politiske råd.

2024 © Bygland Frivilligsentral