Bi med på dugnaden! Bli TelefonVenn!

Me ønsker å gje dei som sit isolert heime , av ulike årsakar, ein å snakke med og på den måten skape ein sosial arena i ein unormal situasjon. 'Frivilligsentralen ønskjer frivillige som kan tenkje seg å vere TelefonVenn.

Dette skal vere eit tilbod til personer som sit i karantene eller isolasjon pga. smittefare. Desse menneska har fått snudd livane sine på hovudet, og einsemda kan verte tøff for mange. Ikkje alle har familie i same bustad, og kan difor ikkje få besøk. Då er det viktig å ha nokon å snakke med om laust og fast.

En telefonvenn ringer til avtalt tid. Ein telefonsamtale kan vare frå 5 til 20 minutt.  

Dei frivillige som ønsker å bli telefonvenn bør setje av faste tider i ein periode. Det kan være lurt å tenkje at perioden varer så lenge Noreg er i ein unntakstilstand.

Alle frivillige har taushetsplikt.

Sjå meir på Telefonvenn.no!

2024 © Bygland Frivilligsentral