Besøksven-Byglandsheimen

Me har gleda av presentere eit nytt prosjekt i Frivilligsentralen-nemleg Aktivitetsven.

Ivrige Frivillige har hatt eit ønskje om at me skal setje i gong med Besøksven for dei som bur på Gamleheimen. Det gjer me med glede! Allereie førstkomande torsdag vil me ha oppstart av  besøkssven-prosjekt. Besøksven gjeng ut på at nokon tek seg litt tid i sin eigen travle kvardag til å gjere noko saman med andre, i dette tilfellet bebuarane på Byglandsheimen. Kvar enkelt kan sjølv finne ut av kva dei vil gjere, og dette kan vere alt frå å gå ein tur til å spele Ludo. Me ser fram til å kome i gang med dette, og har trua på at dette vert eit skikkeleg vinn vinn prosjekt!! 

Foto: Anne Fauske

2019 © Bygland Frivilligsentral