"Kommuneoverlegen er regelmessig i kontakt med Folkehelseinstituttet, FHI og er kjend med dei tilrådingar som dei gir i høve til koronasmitte. Kommuneoverlegen er óg kjend med at det er stadig innstrammingar frå FHI i høve til reiseverksemd og større forsamlingar med tanke på spreiing av koronavirus.
Avlysing av aktiviteter i følgje Kommuneoverlege 11.03.2020
Følgande aktiviteter vert avlyst: Styrketrening Torsdag, Spelekveld Torsdag, Laurdagsklubb Laurdag. Utstyrssentralen vert også stengt.Syner til Kommuneoverlegen si vurdering 11.03.20, der ein tilrår all møteverksemd vert avlyst per no.
Kommuneoverlege Åsulv Horverak har i dag 11.03.2020 kl. 13:00 sendt ut følgjande pressemelding:
I løpet av kort tid har tilrådingane med å samle større forsamlingar blitt redusert frå 500 til maks 100 personar. Kommuneoverlegen ynskjer å vere endå meir restriktiv for å hindre utbreiing av smitte. Kommuneoverlegen tilrår difor at alle planlagde samlingar og aktivitetar på fritid vert avlyst, som til dømes møteverksemd/øvingar i regi av lag og foreiningar " (www.bygland.kommune.no).
Dette betyr at Frivilligsentralen no avlyser dei tre planalgte samlingane :
STYRKETRENING I BYGLANDSHALLLEN som var planlagd 12.3 klokka 13.00
SPELEKVELD I FRIVILLIGSENTRALEN som var planlagd 12.3 klokka 17.30
LAURDAGSKLUBBEN I BYGLANDSHALLEN som var planlagd 14.3 klokka 18.30.
UTSTYRSSENTRALEN vert også stengt resten av veka. (til og med 15.3.20).
Dette gjeld fram til og med 15.03.2020.
Meir info kjem så fort den ligg føre.
Del på:
-
Tur til Skjerkadammen og Eikerapen Hotell
-
Hald av datoane!
Det vårast på sentralen og vi ber dykk halde av to viktige datoar!
-
Tur til Brokke for ungdom
Siste sundag i vinterferien reiste vi til Brokke med 20 ungdomar. I tillegg var 10 stk frå 4H med, så vi var ein stor og fin gjeng på tur.
-
Julegateopning
-
Feiring av frivillighetas år på Setesdal hotell!