Følgehjelp

Føler du deg utrygg når du skal til legen/sjukehuset? Kanskje du kan få ein frivillig til å følgje deg!

Frivilligsentralen tilbyr følgeteneste, det vil seie at du kan få følge i taxien til for eksempel legebesøk, tannlegebesøk, kontroll på sjukehus osv. Den frivillige møter deg ved avreisestad, og sit saman med deg i taxien. Når du kjem fram, kan den frivillige rettleie deg inn på rett stad og vente på deg mens du har time. Deretter vert den frivillige med deg tilbake til start.

Dette er eit gratis tilbod, men det er normalt å spandere noko å ete dersom det tek heile dagen for den frivillige. 

Det er lurt å seie i frå i god tid, då er sjansen større for å me har frivillige som kan den dagen. 

Den frivillig kan ikkje hjelpe deg i stell relaterte oppgåver som dobesøk, sårstell eller linkande. Følge skal heller ikkje vere med inn til legen. Det er eit krav at du kan gå sjølv, eller at du sit i rullestol som ikkje er for tung å dytte på. Det er ikkje sikkert den frivillige sjølv har styrken til å støtte deg fysisk.

Dersom du allereie mottek tenester frå Pleie og omsorg melder du inn behovet ditt til dei.  

2024 © Bygland Frivilligsentral