Besøksven

Besøksven-Besøk nokon som har lyst å finne på noko! Me legg til rette for besøk på Gamleheimen, der frivillige gjer ting saman med bubuarane ein kveld i veka.

Ivrige Frivillige har hatt eit ønskje om at me skal setje i gong med Besøksven for dei som bur på Gamleheimen. Det gjer me med glede! Allereie førstkomande torsdag vil me ha oppstart av  besøkssven-prosjekt. Besøksven gjeng ut på at nokon tek seg litt tid i sin eigen travle kvardag til å gjere noko saman med andre, i dette tilfellet bebuarane på Byglandsheimen. I dette tilfellet er det hovudsakleg framandspråklege som er besøkvener, men alle kan vere besøksven. Kvar enkelt kan sjølv finne ut av kva dei vil gjere, og dette kan vere alt frå å gå ein tur til å spele Ludo. Me ser fram til å kome i gang med dette, og har trua på at dette vert eit skikkeleg vinn vinn prosjekt!! 

Foto: Anne Fauske

2019 © Bygland Frivilligsentral