Utkøyring av matvarer og/eller medisin frå butikken?

Treng du hjelp til å få tak i hushaldningsvarer/medisin? Vil du bidra med hjelp til å køyre ut hushaldninsvarer/medisin?

Frivilligsentralen kan hjelpe deg med dette. Der står frivillige klare til å hente matvarer/medisin frå butikken, og køyre dei heim til deg. Frivilligsentralen arbeider og med å få på plass frivillige du kan ringe til om du har behov for å tale med nokon

For deg som treng hjelp:

Tilbodet gjeld i hovudsak dei som er heime og isolerte på grunn av karantene. Tilbodet kan og gjelde dei som er for sjuke til å ordne dette sjølve.

Om du treng hjelp, kan du ringe og bestille desse dagane: Måndag, onsdag og fredag. Alle dagane i tida mellom kl. 10:00 og 12:00. Du kan også melde inn behov på denne nettsida. Trykk på meld behov.
Telefonnummeret du kan ringe dersom du treng hjelp er: 945 10 770.

Når det gjeld betaling for varene, må du sjølv oppgje namnet ditt, adressa di og telefonnummeret ditt til butikken før den frivillige kan hente matvarene/medisinen. Deretter vil du få faktura frå butikken. Dei frivillige vil ikkje handtere pengar.

For deg som vil hjelpe:

Du kan trykke på meld deg som frivillig, så vil Frivilligsentralen kontakte deg.

Har du ikkje datakunnskap kan du også sende sms til 945 10 770, med namn og info om kva du vil hjelpe til meg

2024 © Bygland Frivilligsentral