Velkomen til oss i Bygland!

Alle kan bidra med noko og alle treng ei hand i bland. Vi brenn for at mennesker skal møtas og berike kvarandre. Å bidra for andre gjennom frivillig innsats skapar ny meining i livet. Du kan bidra med det du har lyst til, alle kan vere til nytte. Frivilligsentralen er kort sagt ein møteplass som formidlar kontakt mellom folk i lokalmiljøet.

Foreningsportalen

Her finn du oversikt over alle lag og foreningar i Bygland: Foreningsportal

Bli frivillig

Dei frivillige er i alle aldrar og med heilt ulik bakgrunn. Kvar og ein kan delta i frivilligsentralen, med det du vil! Saknar du noko kan Frivilligsentralen og du skape noko saman! Du kan bidra i dei tenestane me allereie har,sjå på aktivitetane våre for meir info. Kven kan melde seg som frivillig? Kort og godt ALLE!

Kva skjer?

Dato Kl. Tittel Sted
Tor 25.04 13:00 Styrketrening Byglandshallen
Tor 25.04 15:00 BTW Frivilligsentralen på Bygland
Søn 28.04 19:00 Ford Fairlane (1990) Bygland Kulturscene
Tir 30.04 18:00 Bingo Bygland Frivilligsentral
Tor 02.05 13:00 Besøksven Byglandsheimen

Aktivitetar

Her finner du våre aktivitetar

Det er faktisk slik at ikkje alle har moglegheit til å kjøpe gåve til borna sine, eller til nokon dei er glad i, eller til seg sjølve! Dette tilbodet er til deg. Det er og til deg som har lyst til å bidra til at andre får noko dei ønskjer seg. Alle kan melde inn ønskjer, og det er heilt anonymt. Din ønske lapp, kan like gjerne hamne på eit tre på Evje og inneheld kun eit løpenummer som er heilt anonymt.

Les mer

Besøksven-Besøk nokon som har lyst å finne på noko! Me legg til rette for besøk på Byglandsheimen, der frivillige gjer ting saman med bubuarane ei gong i månaden.

Les mer

Likar du å spele? Då er dette plassen for deg. Tysdagar 18.00 - 20.00 på Bygland Frivilligsentral

Les mer

Eit gratis tilbod til barn og ungdom i 5. - 10. klasse på Bygland.

Les mer

Bygland Frivilligsentral driv BUA Bygland. Me har utstyr som du kan låne heilt gratis! For å finne ut kva vi har kan du gå inn på www.bua.io!

Les mer

Når: Annankvar Tysdag Kl. 16.00-17.30 Tykkjer du det er kjedeleg å lage middag? Kunne du ønskje du hadde nokon å ete saman med? Er ettermiddagane travle? Då har me løysinga!

Les mer

Føler du deg utrygg når du skal til legen/sjukehuset? Kanskje du kan få ein frivillig til å følgje deg!

Les mer

Ein gjeng hageglade byglendingar set farge på sentrum!

Les mer

Kvar jol markerast jolegrantenninga på Bygland. Bygland Frivilligsentral bidreg med sine frivillige i denne markeringa.

Les mer

Bygland Frivilligsentral kan ved hjelp av frivillige tilby lyttevener til elevane på Byglandsfjord skule.

Les mer

Vil du vere med å merke stier og løyper?

Les mer

Tykkjer du det er slitsomt å lage din eigen middag? Kunne du tenkje deg å få middag laga på Byglandsheimen, frakta heim til deg?

Les mer

Om oss

Bygland frivilligsentral held til i den gamle prestegarden på Bygland som ligg ved fjorden.  Eit flott gamalt hus der vi har to stuer, nytt kjøkken og ein Utstyrssentral. Den gamle prestegarden blir brukt av lag og organisasjonar til møte på kveldstid.  Det er også mogleg å leige lokalet.Bygland frivilligsentral vil vere eit bindeledd mellom laga og samarbeide om ulike prosjekt.
2024 © Bygland Frivilligsentral